Fotocredit:

Veike regjeringar bergar ikkje klimaet

Måndag leverte Miljøpartiet dei Grøne framlegg om mistillit mot Solberg-regjeringa. I Statsbudsjettet for 2019 legg regjeringa opp til utsleppskutt som er altfor små til å oppfylla krava i Klimaforliket, vedteke av Stortinget i 2012.

8. desember 2018

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Solberg-regjeringa har gjennom dei siste fem åra vist at dei ikkje evnar å føre ein politikk som er i tråd med Klimaforliket. No var det på høg tid å setja foten ned.

Framlegget vårt blei nedstemt i Stortinget. Det er skuffande, men ikkje overraskande. Berre partiet Raudt stilte seg bak vårt framlegg – og takk for det! Diverre ser det ut til at dei andre partia på Stortinget ikkje meiner at klimasaka og kampen for å berga naturgrunnlaget vårt er viktig nok til å fella ei regjering. Skal tru kva for saker som er viktige nok for dei?

I desse dagar er det klimatoppmøte i Polen. På vegen dit uttalte vår klimaminister, Ola Elvestuen frå Venstre, at det no er lite truleg at regjeringa vår vil klara å oppfylla krava i Klimaforliket. Den erkjenninga sat langt inne, vil eg tru. Kor ille er eigentleg det? Her kjem nokre tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Noreg sitt utslepp av klimagassar i 1990 var om lag 51,2 millionar tonn. 27 år seinare, i 2017, var talet 52,4 millionar tonn. Det inneber ein auke på om lag 2 prosent. I Klimaforliket blei det bestemt at norske utslepp ikkje skal overstiga 48 millionar tonn i 2020. Det vil seia eit mål om å få til ein reduksjon på om lag 6 prosent frå 1990.

I 1997 blei Kyoto-protokollen underteikna. Ei rekkje industrialiserte land forplikta seg då til å kutta minimum 18 prosent av eigne klimagassutslepp innan 2020. Ein tok utgangspunkt i utsleppstal frå 1990. Noreg forplikta seg til å kutta 16 prosent av sine utslepp. Korleis har det gått? Her er nokre tal frå Eurostat:

• Sverige har kutta 26 % i sine klimagassutslepp.

• Danmark har kutta 28 % i sine klimagassutslepp.

• EU har kutta om lag 22 % i sine klimagassutslepp (2016).

• Storbritannia har kutta om lag 37 % i sine klimagassutslepp (2016).

• Tyskland har kutta om lag 26 % i sine klimagassutslepp (2016).

• Noreg har auka sine klimagassutslepp med om lag 4 % (2016).

Regjeringa er ikkje i nærleiken av å innfri sine lovnader om utsleppskutt overnfor Stortinget. Noreg er heller ikkje i nærleiken av å innfri sine internasjonale lovnader. Tala syner at skiftande norske regjeringar i snart 30 år har unnlate å ta klimautfordringa på alvor. Det må ta slutt. Tida er overmoden for ei langt sterkare satsing på grøne, utsleppsfrie løysingar.

Torsdag komande veke skal Voss kommune sitt budsjett for 2019 til handsaming i kommunestyret. MDG vil sjølvsagt kjempa for eit budsjett som syner at me tek klimautfordringa på største alvor i vår kommune. Me kan ikkje la ei puslete regjering leggja lista for våre grøne ambisjonar. Me treng støtte frå andre parti. Kven vil stå saman med oss?

Øystein Ormåsen, leiar i MDG Voss