Fotocredit:

Våronn i hagen – insekta er vaktmeistrar i naturen

Entusiasme og kjærleik for naturen gjev motivasjon til å ta vare på han. Kva kan du gjera for insekta i hagen din?

14. mars 2021

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Visste du at maur held husdyr?

Dei har bladlus som mjølkekyr, og «mjølkar» dei for sukker!

Mauren stryk bladlusa forsiktig over bakkroppen, slik at bladlusa skil ut ein liten drope sukkervatn som mauren kan ta med seg, som ei matpakke.

Mauren beskyttar til gjengjeld bladlusa frå marihøner, og dei kan flytta bladlusa til næringsrike delar av planten. Dei tek altså bladlusa sine «til seters»!

Me er heilt avhengige av dei

Entusiasme og kjærleik for naturen gjev motivasjon til å ta vare på den.

Dei om lag 19.000 insektartene i Norge har eit stort omdømmeproblem, noko professor i bevaringsbiologi og forfattar Anne Sverdrup-Thygeson prøver å retta på med si formidling om insekt.

Me ser insekta mest der me konkurrerer, der dei stikk oss og et maten vår. Me ser ikkje den enorme jobben dei gjer som naturens vaktmeistrar, ein jobb me menneske er heilt avhengige av.

Insekta pollinerer matplantane våre, pollinerer ville blomar, resirkulerer næring (saman med sopp og bakteriar), og er mat for ferskvassfisk og fugl.

Syttifem prosent av insekta har forsvunne dei siste 30 åra. Dei spesialtilpassa, lokale insekta lir mest når klimaet vert endra.

Det blir for eksempel for varmt for dei pelskledde humlene, som stadig får mindre utbreiingsområde. Generalistane overtek, og me mister dei sjeldne og unike. Dette vert kalla økologisk forflating, eller artsforflating.

Korleis hjelpa insekta

I Norge er den største trugselen for insekta måten me bruker areala våre på, me øydelegg levestadene deira.

Norge sitt areal er omtrent 40 prosent skog og her bur 60 prosent av alle artane våre.

Ein tredjedel av alle artar bur i døde tre. Ved flathogst blir det få levestader igjen for insekt.

Det er stadig ein mindre del av norsk skog igjen som ikkje har vore flathogd. Skogdrifts- og hogstmetodar, eventuelt vern av skog, betyr derfor mykje for insekta våre.

Meir rot!

Du kan kjøpa insekthotell på hagesenter, som er ein kopi av døde tre i skogen. Det kan hjelpa insekta litt, men det hadde vore mykje betre om me tok vare på trea i skogen i større grad enn me gjer i dag.

Men det er meir du kan gjera i hagen! Tenk meir natur, mindre strigla. Meir rot!

Kanskje treng du ikkje klippa plenen så ofte, kanskje kan du la noko av den bli blomstereng? Kanskje kan du i alle fall la kløveren stå, den er viktig for mange pollinerande insekt.

Kanskje kan du sjå på løvetanna di og definera om den frå ugras til ein vakker gul blom? Den er også viktig for pollinerande insekt fordi den kjem tidleg på våren.

Om du har et dødt tre, kan du la det stå?

Skal du skjera ned på eit tre, så kanskje du kan leggja greinene i eit hjørne av hagen, ikkje køyra dei i kvistmaskina eller brenna dei.

Du kan satsa på vekstar som blomstrar gjennom heile sesongen, og satsa på norske ville artar.

Prat med naboen om insekta

Ikkje kjøp «palleplantar» som er dyrka fram i store mengder, som ein får billig på hagesentra. Dei er avla fram på ein måte som gjev lite pollen og nektar å henta for insekta.

Ikkje bruk sprøytemiddel. Og når du er ute i hagen din, prat med naboen over gjerdet om kvifor du gjer alt dette! Mange kjenner nok på at å ikkje klippa plenen gjev forundra blikk frå naboen. Forklar kvifor du gjer det, snakk insekta si sak. Det er noko heilt gratis, som me kan gjera alle saman.

 

Inspirert av, og med godkjenning frå, professor i bevaringsbiologi og forfattar Anne Sverdrup-Thygeson.

Hilde Tang Hystad, vara i Miljøpartiet Dei Grøne, Voss lokallag