– Toler ikkje Voss Høgre debatt?

– Meiner lokalpartiet at meningsbryting berre høver seg like før avrøystinga, eller etter at ho er over?

12. april 2021

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Eg skal ikkje ta stilling i saka, men når Iril Schau Johansen på vegner av Voss Høgre i laurdagsavisa anklagar Helge Tenol-Tuxen for å «rakka ned på dei andre sine idear lenge før avrøysting», reiser to spørsmål seg.

For det fyrste: Toler ikkje Voss Høgre sine framlegg vanleg offentleg debatt? For det andre: Meiner lokalpartiet at meningsbryting berre høver seg like før avrøystinga, eller etter at ho er over?

Ironisk nok avsluttar Johansen lesarbrevet som kritiserer Tenol-Tuxen for å gje si meining som fagmann og privatperson på denne måten: «alle må få lov til å seia meininga si både i ferdaråd og i høyringar, elles vert heile prosessen ganske så meiningslaus».

Ingar Flatlandsmo