Fotocredit:

Svar til ordføraren: Kvar er ambisjonen?

Det gler meg å lesa at ordføraren skriv at klima må verta altoverskyggande i politikken – også lokalpolitikken.

6. august 2019

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Det er også godt å sjå at han har fått med seg at streikande ungdommar forventar at noko skjer. Det er fleire enn dei streikande ungdommane som forventar det. Det er også mange veljarar som gjer det. Det har tydeleg motivert til å skriva innlegget som var å lesa i laurdagsavisa.

Veljarane skal vera trygge på at prioriteringane lokalpolitikarane gjer skal vera basert på prinsippet om at dagens utvikling ikkje skal forringa framtidige generasjonar sine moglegheiter til å dekka sine behov på same måte som vår. Dette er berekraftig utvikling.

Ordføraren skriv at kommuneorganisasjonen er bygd opp med utgangspunkt i berekraftsmåla. Når eg les framlegg til organisering ser eg lite som tyder på dette. Ansvaret for miljø er plassert langt nede i mellom mange økonomikonsulentar og andre fagområde i stabsavdeling for strategi og styring. Oppdragsskildringa til avdelinga seier svært mykje om økonomi og ingenting spesifikt om miljø. Korleis vil heradet organisera seg for å for å unngå tap av naturmangfald? Og korleis skal Voss Herad sine utslepp av klimagassar verta reduserte med minst 40 prosent på litt over 10 år? Det er dette me må forhalda oss til. Det handlar om at ansvar ligg i heile organisasjonen. Det handlar om å skapa ein kultur der kvart ledd ser etter sine moglegheiter for å bidra i jobben med å kutta utslepp av klimagassar.

For å skapa ein kultur må ein ha ein ambisjon. Ein ambisjon som spreier seg ut til innbyggjarane.

Kva er Voss Herad sin ambisjon? Det er ikkje tydeleg å sjå.

Voss MDG går inn for å styrkja heradet sitt arbeid med reduksjon av klimagassar ved etablering av eit klimabudsjett som seier korleis heradet kan oppnå den nasjonale målsetjinga om 40 prosent reduksjon innan 2030. Kompetanseheving i heile organisasjonen er ein føresetnad. Difor meiner Voss MDG at det på stabsjefsnivå bør vera ei dedikert stilling som jobbar med klima og vern av naturmangfald. Dette er viktig for at alle skal ha lett tilgang på kunnskap om miljø og berekraft. Vidare meiner me at Voss Herad bør verta medlem i nettverket av Klimapartnere Vestland. Dette vil gje auka kunnskap og engasjement.

Mest av alt må det på plass ein tydeleg ambisjon og eit mål. Dette vil gjera det lettare å prioritera når ein utøver sakshandsaming, når ein gjer innkjøp og når ein gjer politiske vedtak.

Øyvind Birkeland, Voss MDG