Fotocredit:

Svar til Dag: – Eg legg ikkje skjul på at eg brukte utestemme

Eg legg ikkje skjul på at eg brukte utestemme i teksten min. Eg skjønar godt at folkevalde frå posisjonspartia kjenner seg trakka på føtene av formuleringane mine. Det var ôg noko av hensikta, må eg innrømme, skriv Øystein Ormåsen.

8. januar 2021

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Dag Sandvik (SV) sitt lesarinnlegg i Hordaland 29.desember kom som eit svar på mitt kritiske lesarinnlegg frå 22.desember. Eg vil takke Dag for svaret. Eg er glad for at han følte seg kalla til å imøtegå kritikken.

Eg legg ikkje skjul på at eg brukte utestemme i teksten min. Eg skjønar godt at folkevalde frå posisjonspartia kjenner seg trakka på føtene av formuleringane mine. Det var ôg noko av hensikta, må eg innrømme. Men hovudbodskapen er likefullt denne:

Vi er i ei klimakrise. Her og no. Voss herad må gjere sin del av jobben for å løyse krisa. Politikken til posisjonspartia er ikkje i nærleiken av å gi raske nok løysingar. Det må dei ta ansvaret for.

Eg veit at Dag og eg er samde om mykje i mange saker, og eg har stor respekt for han som politikar. Likevel: Etter mi meining illustrerer Dag sin tekst godt kvifor den grøne omstillinga går i sniglefart:

  1. Eg les Dag sitt innlegg som eit forsvar av den klima- og miljøpolitikken som posisjonspartia fører.
  2. SV sine folkevalde (3) utgjer ein tiendedel av representantane som sit med makta i heradsstyret. Senterpartiet har 14 folkevalde. Arbeiderpartiet har 13. Det er grenser for kor ambisiøs klimapolitikk det kan bli av eit slikt styrkeforhold.

Til punkt 1: Dag, det står respekt av din lojalitet til det raudgrøne prosjektet som SV er ein del av. Men meiner du verkeleg at «MDG vart komen i møte med 250.000 kr meir til klimabudsjettet», slik du skriv? Det er nytt for meg. Kva var i så fall SV sitt bidrag til å auke klimabudsjettet?

Ei riktigare framstilling av saka er denne: MDG foreslo eit klimabudsjett på 2,6 millioner. SV gjekk inn for eit klimabudsjett på 1,25 millioner. Det kan hende at dei 250 000 ekstra kronene er SV si forteneste, det veit ikkje eg. Men auken er i alle fall ikkje resultatet av eit kompromiss med MDG.

Til punkt 2: Det er hyggeleg å bli invitert med i «sam-talen». Dag har neppe gløymt at SV og MDG faktisk hadde ein samtale før budsjetthandsaminga. Rett nok kom vi ikkje fram til noko budsjettframlegg i det møtet, men vi lufta våre synspunkt.

Dag har sjølvsagt rett i at vi godt kunne ha snakka meir saman. Men kven sit med ansvaret for at våre innspel blir høyrd? Er det oss i MDG? Er det SV? Eller er det partia som i praksis sit med makta? Eg meiner svaret er innlysande. Ansvaret ligg hjå dei største partia. Men det er nok freistande å skulde på at vi i MDG ikkje er høflege nok til å få ta del i samtalen.

Som ei avslutning vil eg kome med ein lovnad til både Dag og andre folkevalde som kjempar for ein grønare politikk i sine respektive partigrupper:

Vi vil halde fram med å bruke utestemme i kampen for å løyse klimakrisa og ta vare på naturen. Tida er knapp, utsleppskutta skjer for sakte, og vi kjem ikkje til å halde kjeft om det.

MDG si utestemme er heilt naudsynt for å tvinge fram grøn politikk raskare. Inviter oss gjerne til samtale, Dag. Men få med deg vennene dine ôg.

 

Øystein Ormåsen, Miljøpartiet Dei Grøne