På tide å ta klima på alvor

Er den viktigaste saka for mennesket si framtid også ei sak for Voss herad? Ja, naturlegvis!

26. august 2019

«The greatest threat to our planet is the belief that someone else will save it» har den kjende polfararen Robert Swan sagt, og det ligg mykje i dette. Me må alle gjera noko, og me kan ikkje venta til alle andre gjer det.

Klimaendringar kan få fatale følgjer for vinterturismen. Ekstremvêr skadar landbruksareal, eigedommar og infrastruktur og medfører store kostnader. Som reiselivs- og jordbrukskommune har Voss eit ansvar og ei plikt til å medverka til ei berekraftig utvikling.

MDG Voss vil:

  • at heradet skal utarbeida årlege klimatiltaksplanar med eigne budsjett
  • at kommunen prioriterer klima, natur og miljø gjennom ein eigen stilling for dette fagfeltet på stabssjefsnivå
  • at heradet søkjer klimasamarbeid med fylkeskommunen og andre kommunar
  • at heradet engasjerer alle tilsette i klimaarbeidet, t.d. gjennom miljøsertifisering
  • auka utnyttinga av fornybar energi gjennom opprusting av eksisterande kraftverk, energisparing og straum/varmeproduksjon på kommunale bygg

Kjære veljar, støtt oss i arbeidet for ein aktiv klimapolitikk på Voss!

Les meir om kva me vil få til i vårt lokalprogram.

Eller les meir om våre tre toppkandidatar: