Fotocredit: Sveinung Klyve

Nytt styre på plass

Nye hender er på rattet, klare for å styre det ferske heradet i ei grønare retning.

7. februar 2020

Onsdag 5. februar var det årsmøte i Miljøpartiet Dei Grøne Voss. Tord Araldsen frå IHM heldt foredrag om biogass og me valde nytt styre.

Takk til alle tolv som troppa opp denne onsdagskvelden. Ikkje minst: Tusen takk til Øystein Ormåsen for nydeleg innsats som lokallagsleiar sidan 2016!

Her er gjengen som med haukeblikk skal passe på at naturen vår blir teken omsyn til i alle politiske saker det neste året:

Styret:
Sveinung Klyve
Øyvind Birkeland
Tonje Opkvitne
Inge Draugsvoll
Siri Flatlandsmo

Varaar:
Monica Bøe Slettemark
Marit Tillung