Vår
2. kandidat Øystein Ormåsen vil stilla to spørsmål til ordføraren på kommunestyremøtet torsdag:
- Vil ordføraren gå i spissen for å få kommunestyret med seg på å erklæra klimakrise?
- Vil ordføraren ta initiativ til at det umiddelbart blir utarbeidd ein kriseplan – gjerne med ein krisestab – for å oppnå raske kutt i kommunen sine utslepp og klimaavtrykk?
Klimaendringane er her, og alle vil bli råka. Øystein og MDG Voss meiner at dess lenger me ventar, dess verre blir det. Dei klimastreikande ungommane har rett, og dei fortener vaksne med ryggrad.
– Tida er no – og alle må bidra. Også her på Voss.
Dette vil MDG Voss gjera for klima og miljø:
- at heradet skal utarbeida årlege klimatiltaksplanar med eigne budsjett
- at kommunen prioriterer klima, natur og miljø gjennom ein eigen stilling for dette fagfeltet på stabssjefsnivå
- at heradet søkjer klimasamarbeid med fylkeskommunen og andre kommunar
- at heradet engasjerer alle tilsette i klimaarbeidet, t.d. gjennom miljøsertifisering
- auka utnyttinga av fornybar energi gjennom opprusting av eksisterande kraftverk, energisparing og straum/varmeproduksjon på kommunale bygg
- gå imot vindturbinar i vossafjella
- verna viktige friområde og rekreasjonsområde som Prestegardsmoen og Bømoen
- verna sårbar natur som vassdrag, myr- og skogområde
- bruka naturmangfaldlova aktivt i all sakshandsaming
- sikra kompetanseheving blant tilsette og politikarar i heradet om naturmangfald og økosystem
- kartleggja status for alle økosystem i Voss herad
- setja i verk tiltak som tek vare på særleg sårbare økosystem, til dømes insektbestandar og mikroorganismar i jord
- avvikla all bruk av giftige sprøytemiddel brukt for å halda kantvegetasjon nede
- at kommunen har ein plan for pollinerande insekt
Les heile valprogrammet vårt her.