– MDG vil ha eit landbruk som er leveleg for alle

Fotocredit: Inge Draugsvoll

– Kortreist og rein mat er best for menneske og miljø. Då må bøndene få skikkeleg betalt.

28. april 2021

Kortreist og rein mat er best for menneske og miljø. Då må bøndene få skikkeleg betalt. På denne tida kjem nye lam til verda. For mange vossabønder betyr dette jobbing dag og natt. I april legg bøndene òg fram sine krav i jordbruksforhandlingane, som er avgjerande for økonomien til dei som produserer maten vår. Å vera bonde er eit viktig arbeid, og bøndene fortener løn for strevet. Det er ingen tvil: MDG Voss støttar #bondeopprør21.

Utviklinga har lenge gått i feil retning. Matvareprisane aukar år for år og matvarekjedene framstår som gullgruver, medan bøndene sit att med ein stadig mindre del av kaka og inntektsgapet til andre yrkesgrupper aukar. Ifylgje SSB er 201.300 kroner gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk for ein gardbrukar. Dette er å rekna som sosial dumping i andre yrke. Ein kan ikkje venta at dette gjev grunnlag for investeringar eller at dei unge skal gå inn i yrket. Dei vil heller velja eit yrke der dei får betalt, anerkjenning og fritid.

Regjeringar kjem og går, men resultatet er det same. Kravet om effektivisering og produktivitetsvekst har ført til færre gardsbruk med større besetningar, og dermed auka kraftfôrbruk og bruk av leigejord som belastar miljøet. På 20 år har Noreg mista 30.000 gardsbruk. Færre bruk og sentralisering gjer landet meir sårbart og mindre sjølvforsynt. Skal me skapa nye resultat, må me gjera ting annleis.

Ville det vore annleis med Dei Grøne sin politikk? MDG arbeider for ein annan kurs med berekraftig ressursbruk og auka sjølvforsyning. Vårt mål er eit mindre intensivt jordbruk. Eit jordbruk som er mindre avhengig av importert kraftfôr. Auka sjølvforsyning på eigne ressursar vil krevja fleire, ikkje færre, bruk i drift. Dette er MDG villige til å betala for. Voss har gode beiteområde, og klima for grasproduksjon. Me ynskjer levande bygder, matproduksjon på eigne ressursar og at storsamfunnet er med og finansierer dette.

Miljøpartiet Dei Grøne sin landbrukspolitikk svarar på fleire av vossalandbruket sine utfordringar:

• Gje rask og styrka investeringsstøtte til bygging av lausdriftsfjøs for små og mellomstore mjølkeprodusentar

• Heva mjølkeprisen ved hjelp av eit styrka importvern

• Støtta opp om smådriftsfordelar i fjell- og fjordlandbruket gjennom finmaska driftsvansketilskot etter modell frå alpejordbruket

• Oppmoda til matmangfald, kvalitetsprodukt og verdiskaping av mjølk, mellom anna ved å støtta oppretting av mikromeieri og leggja til rette for mindre samvirke

• Avvikla mjølkekvotebørsen og gjeninnføra statleg tildeling av kvoter. Kvotene skal administrerast etter ressursgrunnlag og prioritera stølsbrukarar og marginale areal

• Redusera mjølkekvotetaket til 450.000 kg, men sikra at dette vert gjort gradvis og på ein føreseieleg måte.

• Imøtekoma gjeldsutfordringar for bønder som har investert mykje i produksjon som er lausriven frå ressursgrunnlaget, m.a. rasjonell bruksomstilling og rettvise kompensasjonsordningar for store fjøs.

• Motverka overproduksjon gjennom å redusera kraftfôrforbruket, ikkje talet gardar i drift. Samstundes støtta andre tiltak som reduserer mjølkevolumet men styrkjer kvaliteten, slik som overgang til bevaringsverdige storferasar og samvær mellom ku og kalv.

• Gje stølsdrifta eit nasjonalt løft gjennom investeringsstøtte til driftsbygningar og infrastruktur og ein aktiv tilskotspolitikk.

• Ha ambisjon om å dobla talet stølar i drift før 2030.

Klimaendringar og befolkningsvekst gjev aukande press på ressursane i verda. Me ynskjer eit jordbruk som nyttar lokale, fornybare ressursar spreidd over heile Noreg. Berre slik kan landet ha trygg og sikker mat no og i framtida. Bøndene forvaltar store deler av vårt felles ressursgrunnlag, areal og landskap. Fordi ressursane i Noreg er spreidde, vil MDG satsa målretta på dei små og mellomstore bruka. Kvote- og tilskotspolitikken skal syta for at desse ressursane kan nyttast best mogleg.

Bondeopprøret handlar om framtida til norsk landbruk. Skal næringa bli robust og attraktiv, må nye politiske verkemiddel takast i bruk der gamle modellar ikkje fungerer. MDG er på lag med dei små og mellomstore bruka fordi me meiner desse er best for naturen og bygdene.

Lukke til med lamming, våronn og landbruksoppgjer!

 

Siri Flatlandsmo og Inge Draugsvoll
styremedlemmar i MDG Voss

 

Lesarinnlegg i avisa Hordaland