Kvifor eg stemmar på Dei Grøne

Einar Bardal vil bidra til at MDG får ei betydeleg stortingsgruppe med ei avgjerande rolle i klimapolitikken.

30. august 2017

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Eg stemmer på MDG for å bidra til å hindre ein global klimakatastrofe.

Men er det ikkje eit svimlande misforhold mellom så stor ei sak og ei lita røyst ved stortingsvalet? Nei eigentleg ikkje. For det er ikkje mange steg imellom. Stortinget har slutta seg til Parisavtalen om avgrensing av temperaturaukinga på jorda, og eg vil bidra til at MDG får ei betydeleg stortingsgruppe med ei avgjerande rolle i klimapolitikken.

Det er maktpåliggande å få til ein sterk reduksjon i utslepp av klimagassar, også innanlands i Norge. Hittil har lite skjedd fordi dei store partia ikkje prioriterer klima (same kva dei seier). Små parti med gode intensjonar har ikkje hatt nok makt til å oppnå naudsynlege resultat. Det er her Dei Grøne kan kome inn på ein heilt annan måte enn dei andre partia. Uavhengig av blokk i utgangspunktet kan MDG forhandle og presse både til høgre og venstre for å oppnå ein forsvarleg klimapolitikk. Men Dei Grøne vil ikkje støtte ei regjering med Frp,

I dei fleste meiningsmålingane i det siste ligg MDG over sperregrensa. At vi held stillinga i valet er avgjerande for norsk klima- og miljøpolitikk i mange år framover. Vi kan ikkje vere sikre på å nå målet, så kvar stemme til partiet er viktig.

Ei av dei største oppgåvene for MDG er å stimulere til grøn næringsverksemd, slik at vi kan få ei planmessig og gradvis utfasing av oljeindustrien utan stor arbeidsløyse. Nedturen i oljeindustrien som førte til stor arbeidsløyse for få år sia, viser kor sårbar denne industrien er. Betre blir det ikkje etter kvart som produksjon av rein energi skyt fart med minkande prisar.

Einar Bardal, styremedlem i MDG Voss