Raundalselva, vill og vakker
Fotocredit:

Kva gjer me med flaumane?

Arbeidsgruppa Voss Vest – Evanger grendalag etterlyser i avisa Hordaland 22/8 konkrete mål og lokale tiltak mot skadeflaum. Mange hevdar at heradet har somla. Men likevel er det gjort og planlagt mykje, og informasjonen finst i kommunale sakspapir.

27. august 2023

MDG har vore pådrivar for ei nyoppretta kommunal stilling som flaum-koordinator. Slik håpar me at vedtak, planar og kommunale og private tiltak etter kvart vert forklart tydelegare for ålmenta. 

Å læra av fortida

Vossovassdraget har alltid hatt store flaumar.  Desse har forma landskapet og er ein del av naturens gang.  Det er altså med vitande vilje at vossingar og vassvører har bygd tett på vassdraget. For kvar generasjon har landskapet rundt elva vorte endra. I sum betyr det at naturen si evne til å bremsa flaumtoppane er svekka. I tidlegare tider var dessutan kjellarane av stein, og desse tørka opp att. Ingen isolasjon, elektriske anlegg eller anna som måtte erstattast. 

Voss må læra av dette. Me må tilpassa oss naturen, ikkje omvendt. 

Naturbasert flaumdemping

Naturen og landskapet si innebygde evne til å bremsa regnvatnet og minska flaumtoppane kan hentast fram og forsterkast. Heradet har fått statlege midlar til å utgreia naturbaserte løysingar. Dette kan m. a. vera restaurering og vern av våtmark og myr, unngå flathogst, bevara og reetablera kantvegetasjon og etablera grøne korridorar. I tillegg til betre flaumsikring er dette bra for miljøet i vassdraget. Det er å håpa at eit nytt heradsstyre støttar fullt opp om prosjektet, gjennom praktisk politikk, planvask og arealdisponering.

Tunellar og flaumvollar

Omfattande flaumtiltak må ikkje øydeleggja meir enn verdien av det som skal sikrast. Å fremja løysingar der konsekvensane ikkje er utgreidd av Noregs fremste fagmiljø, er uheldig og unødvendig. Ein må ta den tida som trengst og lytta til NVE. Flaumtunellar til Granvin var estimert til 3, 7 milliardar kroner i 2020, tilsvarande 4,3 milliardar i dag. Det vil kosta langt mindre å kjøpa fri, sikra eller omdisponera kjellarar og eigedommar og tilretteleggja infrastruktur. 

Vatn ut av vassdraget?

Tilsig til elva kjem frå seks ulike nedbørsfelt, men ekstremnedbøren treff ulikt frå gong til gong. Tunellar til Granvin kan berre fjerna noko av flaumvatnet frå to av desse nedbørsfelta. Difor seier NVE at flaumtunellar til Granvin ikkje nødvendigvis gjev garanti mot skadeflaum på Evanger. 

Flaumtunellane blir svært lange og må ha betydelege dimensjonar for å ha effekt. Det skapar store konsekvensar for natur, nærmiljø og klimagassutslepp i byggjeperioden. Utrekningar viser at 600 000 lastebillass må til for å frakta og deponera tunellmassane. Konsekvensane for livet i elva og for Granvin er det få som har snakka om. 

Vernestatusen skal bestå

Raundalselva og resten av det varig verna Vossavassdraget har stor og udiskutabel verdi for friluftsliv, aktivitetsturisme, trivsel og tilflytting. Dette får endå større verdi for Voss i framtida. Dei naturfaglege grunnane for vern er velbegrunna. Verda står i ei naturkrise, og velfungerande økosystem er avgjerande for menneska og kloden si framtid. Nasjonalt har MDG programfesta nei til kraftutbygging i alle verna vassdrag. Dette gjeld sjølvsagt Raundalselva òg.

Voss har gjeve store naturområde til kraftproduksjon og bidreg allereie monaleg til eit utsleppsfritt samfunn. Kraftutbygging i Raundalselva har heller ingen flaumdempande effekt. Dei som vil byggja ut har økonomiske mål. Men at eit kraftverk skal finansiera flaumtunellar er ein utopi. Elva skal ikkje betala for dei feila me som samfunn gjer. Ekstrem nedbør rammar kommunar ulikt, men årsakene kjem av nasjonale og globale klimagassutslepp. Difor er det eit nasjonalt ansvar å finansiera avbøtande tiltak.

Det som verkeleg monnar

Vêret vert meir og meir ekstremt fordi me slepper ut klimagassar. Mange meiner det du og eg gjer ikkje betyr noko. Tenk om alle på kloden tenkjer slik? Tenk om alle kommunar tenkjer slik? Alle veit kvar MDG står. Me vil at alle skal auka innsatsen for å redda klimaet. Det vil kosta noko for kvar og ein av oss. Men det er nødvendig for at nye generasjonar skal få ei framtid å gle seg til.