Klimabudsjett: Me har inga tid å mista i Voss herad

I heradsstyremøtet 22. oktober blei Energi- og klimaplanen sett på agendaen ved fleire tilfelle:

10. november 2020

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

  • I presentasjonen av arbeidet med Voss herad sitt budsjett for 2021. For fyrste gong skal det førast i pennen eit klimabudsjett. Tiltaka i Energi- og klimaplanen ligg til grunn for rådmannen sitt førebels framlegg til klimabudsjett.
  • I handsaminga av arealdelen til Voss herad sin kommuneplan for 2020-2032. Kommuneplanen refererer til Energi- og klimaplanen i fleire avsnitt.
  • I våre grunngjevne spørsmål til ordføraren, der me bad om status for framdrifta til nokre av tiltaka i planen.

Energi- og klimaplanen er eit viktig dokument. Der står det kva tiltak knytt til klima og energibruk som heradet skal gjennomføra innan 2021. Planen vart vedteken for snart tre år sidan, og skal reviderast om eitt år. Det er på tide å sjå nærare på måloppnåinga. Me fremja tre spørsmål til ordføraren, og fikk svar på to av dei. Slik gjekk det til.

Våre første to spørsmål handla om oljefyringsanlegg. Sidan 1. januar i år har det vore forbod mot å varma opp bygningar med oljefyring. Tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) syner at Voss kommune sin energibruk frå fyringsolje var 8 MWh i 2015, 9 MWh i 2016, 84 MWh i 2017, 134 MWh i 2018 og 73 MWh i 2019. Våre to første spørsmål var:

  1. I kva grad nyttar Voss herad framleis oljefyringsanlegg (..) i den daglege drifta av bygg og eigedommar?
  2. (..) Har heradet noko oversyn – eller plan om å skaffa seg oversyn over – i kva grad oljefyringsanlegg framleis er i drift i næringsbygg og private bygg?

Ordføraren slo fast at Voss herad no ikkje fyrer med olje i eigen bygningsmasse. Det er bra, og i tråd med lovverket. Men: det er god grunn til å stilla kritiske spørsmål ved bruken av fyringsolje åra etter at Energi- og klimaplanen vart vedteken. For åra 2017-2019 syner tal frå SSB at bruken av fyringsolje førte til eit samla utslepp av om lag 73 tonn CO2 i Voss kommune. Korleis harmonerer det med målet om utsleppskutt på 40 prosent innan 2030? Tala tyder på at kommunen skunda seg med å bli kvitt brysam fyringsolje før forbodet blei gjeldande. Er dette i tråd med Energi- og klimaplanen?

Svaret på vårt andre spørsmål var at heradet ikkje fører noko oversyn over oljefyring i privat regi. Dette er ikkje i samsvar med gjeldande lovverk, der det står at kommunar «eller den Klima- og miljødepartementet bemyndiger» skal føra tilsyn med at forskrifta vert følgd. Her har heradet ein jobb å gjera.

Vårt tredje spørsmål gjaldt punkt 4 i tiltaksdelen til Energi- og klimaplanen. Punktet handlar om energieffektivisering. SSB sine tal syner at samla energiforbruk i Voss kommune har vore svakt stigande i åra 2015-2019, både totalt per år og per kvadratmeter bygningsmasse.

Punkt 4 i tiltaksdelen lyder slik: «Utarbeide ein plan for energiforsyning og energisparetiltak i kommunale bygg. Bruk av fornybare og lokale energikjelder skal vurderast i alle prosjekt.»

Vi spurte ordføraren om status for dette planarbeidet. Her avslørte svaret at ordføraren hadde misoppfatta spørsmålet vårt, noko han vedgjekk. Me fekk derfor ikkje noko godt svar. Vår oppmoding blir derfor at han på eige initiativ tek opp att spørsmålet ved opninga av neste møte i heradsstyret.

MDG Voss er nøgde med at me omsider skal få eit klimabudsjett i Voss herad. Me vil bidra med forslag som gjer budsjettet så ambisiøst og konkret som mogeleg, alt frå 2021. Me har inga tid å mista. Me er ôg nøgde med at oljefyringa i kommunale bygg no er fasa ut. Diverre kan det sjå ut til at oppfølginga av Energi- og klimaplanen ikkje står høgt nok på agendaen hjå verken rådmannen eller ordføraren. Her har MDG tydelegvis ei rolle å spela som vaktbikkje framover. Den rolla skal me ta på alvor.

Øystein Ormåsen, Miljøpartiet Dei Grøne Voss