K5 og vegen Arna-Trengereid

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Eg forstår godt dette standpunktet, men når alternative forslag blir avvist med at ein må prioritere liv og helse først og fremst, så blir det gale. Fordi det ikkje er noko usemje om dette.

Vi meiner alle at det viktigaste er å få ein trygg veg. Men nettopp derfor er det ein bra tanke å ta dei farlegaste strekningane først og så fort som mogeleg. Og Arna-Trengereid er ikkje ein av desse.

Elles ser eg ikkje at nokon av dei argumenta eg brukte i innlegget 17. juli, er imotsagt på noko vis.

Einar Bardal, 12. kandidat i MDG Voss