K5 og vegen Arna-Trengereid

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Meir motorvegar gjev meir biltrafikk og svekker det økonomiske grunnlaget for kollektive reisemåtar. Derfor meiner eg det er eit svært god løysing vegvesenet er inne på: Å kutte ut firefelts veg mellom Arna og Trengereid. Det er fleire ting som taler for dette:

1. Det direkte omsynet til klima og miljø.

2. Det blir billegare, så meir pengar kan gå til gode miljøtiltak.

3. Truleg kan K5 kome raskare i gang fordi ein unngår ein ny runde med ekstra finansiering.

4. Ein må gå ut frå at dei trafikale behova er vurdert når vegvesenet går ut med ei slik løysing.

Det er svært positivt at både ordførar og varaordførar på Voss og ordføraren i Vaksdal er opne for denne løysinga. Det ville vere uhyre gledeleg og tungtvegande om begge kommunane slo til og aksepterte dette alternativet. Det er skuffande at Terje Breivik frå Venstre, som reknar seg som miljøparti, ikkje er like positiv til det.

Einar Bardal, 12. kandidat i MDG Voss