K5 – jubel med bismak

Den farlegaste vegen er mellom Trengereid og Voss. Og no skal altså ny veg på denne strekninga og ny jernbane utsetjast til fordel for ein firefelts motorveg Arna-Trengereid.

17. mars 2021

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Det er grunn til å juble over at starten på K5 er inne i første periode i NTP, og at det førebels er avsett ca 26 milliardar kroner til prosjektet. Alle som har arbeidd hardt for dette, fortener all ære. Men dei hadde også fortent ei betre prioritering innan prosjektet.

Dei viktigaste føremålet med K5 er å få ein trygg bilveg og ein framtidsretta, miljøvenleg, rask og effektiv dobbelspora jarnbane. Dette for å hindra ulykker og få fleire til å reise kollektivt og miljøvenleg.

Den farlegaste vegen er mellom Trengereid og Voss. Og no skal altså ny veg på denne strekninga og ny jernbane utsetjast til fordel for ein firefelts motorveg Arna-Trengereid. Dette framstår berre som eit ledd i regjeringas gigantiske satsing på store motorvegar og auka biltrafikk, i ei tid då det motsette trengst av omsyn til klima og miljø.

Å få firefelts motorveg Arna-Trengereid vil auke biltrafikken mellom Trengereid og Voss òg. Det å få denne motorvegen ferdig før vegen på den farlegaste strekninga, vil berre auke risikoen for ulykker.

Vegvesenet har i eit par omgangar hatt forslag om å utsette eller sløyfe firefelts motorveg Arna-Trengereid for å få ned kostnadene. Med ei slik løysing hadde ein kunna kome i gang med den viktigaste delen av K5 vesentleg tidlegare.

Kan vi håpe på at ei ny regjering til hausten har større sans for trafikktryggleik og miljø, slik at dei snur om på rekkefølgja i prosjektet?

 

Einar Bardal, MDG Voss