– JA til norsk matproduksjon!

Fotocredit: Sveinung Klyve

– Takk for maten!

24. mars 2021

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

 

JA til norsk mat, berekraftig produsert på norske ressursar

JA til meir korn og grønsaker, frukt og bær

JA til mat frå skog, eng, vidder, fjell og åker

JA til villfisk, kystfiskarar, reint hav og friske fjordar

JA til norske bønder – verdsmeistrar i å ikkje bruka antibiotika

JA til gode liv for dyra, mest mogleg ute og i passe store flokkar

JA til å bevara regnskogen både i verda og her i Noreg

JA til gras der berre gras kan veksa, og husdyrfôr frå norske ressursar

JA til blomster og bier

JA til beitemarka sitt biologiske mangfald (og sjølvsagt myra, fjella, skogen, kystlyngheiane og strendene sitt mangfald)

JA til vern av matjord og hundreårgamle kulturlandskap

JA til fleire små og mellomstore bruk, og til gjenreising av mange som har vorte lagt ned

JA til ville og tamme dyr

JA til kjøt for dei som vil ha det – frå glade dyr med gode liv, i mengder helsa og kloden tåler

JA til anstendig løn til bøndene og høgare verdsetjing av innsatsen deira

JA til auka sjølvforsyning

JA til fleire grøne arbeidsplassar i norske primærnæringar

Et norsk, et sesong og et opp!

 

Av MDG Voss ved Øyvind Birkeland, saman med 123 folke- og tillitsvalde for MDG frå heile Noreg.

Innlegget vart fyrst publisert i Nationen 23. mars.