Heller trygg veg enn motorveg

Fotocredit: Christin Hume / Unsplash

Nok ein gong har vi sett konsekvensane av å nedprioritere trygge, rassikre vegar på Vestlandet. Raset i Jølster er ei tragedie, og me har stor medkjensle med dei som er ramma. No må vi gjere det vi kan for å hindre liknande tragediar i framtida.

13. august 2019

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Raset er eit varsku for kva vi har i vente. I ei verd som er ramma av klimaendringar, vil nordmenn – ikkje minst vestlendingar – merke det på auka fare for jordskred. På Vestlandet er vegar og infrastruktur ei nødvendig livsåre, og klimatrusselen vil vere fatal for landsdelen vår.

Villare. Varmare. Våtare

Med klimaendringane blir veret villare, varmare og våtare. Denne og forrige sommar har vi sett varmerekord etter varmerekord, og ekstreme mengder nedbør har kome som både meteorologar og klimaforskarar er samde om at ikkje er naturlege. Dersom vi ikkje klarar å stanse klimakrisa, vil tragediar skje oftare og i område der det ikkje har gått ras tidlegare.

Ekstremvêr er klimakrisa sitt språk. Det held ikkje lenger å jobbe for å stanse klimakrisa. Den er her, endringane skjer no. Skal vi hindre framtidige tragediar som den i Jølster eller storflaumar i Vossavassdraget, må klimatilpassinga gå hand i hand med utsleppskutt. Det vil alltid stå øvst på prioriteringslista vår.

Tenk på kor mange trygge og oppgraderte vegar me kunne fått for prisen av den planlagte motorvegen til Trengereid, for ikkje å snakke om monstervegen Hordfast, prissett til 40 milliardar.

Neglisjerer

Likevel prioriterer regjeringa, med støtte frå fleire fylkespolitikarar desse massive vegprosjekta medan dei mange utsette vegane i fylket blir neglisjerte. Å velje naturøydeleggjande monsterveg-prosjekt framfor å bygge trygge vegar og sikre oss mot rasfare, er naiv og farleg politikk.

Trygg veg framfor motorveg og stogg i klimaøydeleggjande utslepp er difor MDG sin politikk for framtida.

Sveinung Klyve, fyrstekandidat for Dei Grøne i nye Voss herad
Natalia Golis, fyrstekandidat for Dei Grøne i nye Vestland fylke

1. kandidat