Grøn omstilling krev grøn politikk

Næringsminister Thorbjørn Røe Isaksen (H) fekk eit lesarinnlegg på trykk i Hordaland laurdag. «Me skal leva av grøne arbeidsplassar», stod det i tittelen. Miljøpartiet dei Grøne (MDG) er samde i dei ambisjonane. Problemet er at korkje Røe Isaksen eller regjeringa han representerer er i stand til å sikre oss dei grøne arbeidsplassane raskt nok.

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Måndag kom det tal frå Statistisk Sentralbyrå som syner at dei norske utsleppa av klimagassar auka med 0,4 prosent i 2018. I 1990 sleppte Noreg ut om lag 51,2 millionar tonn CO2. I 2018: 52,9 millionar tonn. I løpet av 30 år med prat om klima og global oppvarming har ymse norske regjeringar ikkje oppnådd betre enn å auke utsleppa våre.

Dette er særs pinlege tal å legge fram for våre klimastreikande ungdommar. EU-landa (28 stykk), til samanlikning, har i gjennomsnitt kutta sine utsleppa med 22 prosent fram til 2016. Sverige har kutta 24 prosent. Danmark og Tyskland: 26 prosent. Kvifor er utsleppskutt mogeleg i desse landa, men ikkje i Noreg? Den enkle sanninga er at Noreg ikkje er i nærleiken av å føre ein politikk som tek klimakrisa på alvor. Regjeringa sin politikk er ikkje grøn. Den er ikkje berekraftig.

Den fremjar ikkje grøn omstilling raskt nok. Regjeringa snakkar grønt. Men dei gjer ikkje nok.

Røe Isaksen skriv: «Det er bred enighet om at vi må bli mindre olje- og gassavhengig i fremtiden. Samtidig er det absurd å mene at den beste løsningen ville vært å «skru igjen krana» i dag». Kven meiner at vi skal skru igjen krana i dag? Er det MDG, du siktar til, Isaksen? MDG har, som det einaste partiet til nå, tatt til orde for ei planmessig utfasing av petroleumsnæringa. Ikkje i dag, ikkje i morgon. Men så snart som råd, og innan 15 år. Dette er ikkje urealistisk. Dette er ikkje uansvarleg. Dette er å ta klimakrisa på alvor. Vi veit med sikkerhet at karbonalderen må ta slutt. Vi veit med sikkerhet at næringspolitikken frå førre århundre ikkje kan førast vidare.

På landsmøtet i mai vedtok MDG ein resolusjon som peiker på ei rekkje tiltak som vil sikre ei rask omstilling til nye, grøne arbeidsplassar. MDG meiner at alle som i dag har sitt arbeid i petroleumsnæringa og tilstøtande næringar må sikrast nye, grøne arbeidsplassar. Til det trengst satsing på innovasjon, entreprenørskap og insentivordningar som sikrar gradvis omstilling. Ingen seier at dette blir enkelt. Men MDG er så langt det einaste partiet som tør å seie at det trengst.

Øystein Ormåsen, leiar i MDG Voss, 2. plass på lista til MDG ved lokalvalet

Øystein Ormåsen, 2. kandidat for MDG Voss