God save the climate

 – Voss herad går planlaust inn i klimakrisa, skriv Øystein Ormåsen frå Miljøpartiet Dei Grøne i dette lesarinnlegget etter heradsstyredebatten sist torsdag.

22. desember 2020

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Ei trist oppleving, skriv Øystein Ormåsen For dei av oss som meiner at klimakrisa er høgst reell, vart torsdagens møte i heradsstyret ei trist oppleving. Dei raudgrøne legg opp til ei handtering av klimakrisa som minner om Donald Trump si handtering av koronakrisa: nølande og planlaus.

Grøn politikk vs. raudgrøn politikk

Heradsstyret handsama Voss herad sitt budsjett for 2021 torsdag. Det gjekk om lag som ein kunne forventa. Etter halvannan time med debatt blei posisjonspartia (Sp, Ap, Sv) sitt budsjettframlegg vedteke utan endringar.

Budsjetthandsaminga illustrerte på ein god måte kva som skiljer Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) sin politikk frå posisjonspartia sin politikk. Både MDG og dei raudgrøne føreslo å auka pengebruken i budsjettet med 1,6 millionar. Men der stoggar likskapen.

• MDG ville at heile budsjettauken skulle gå til konkrete klimatiltak, slik at samla klimabudsjett ville blitt 2,6 millionar kroner. Dei raudgrøne sitt framlegg innebar å auka potten til klimatiltak på 250 000 kr. Samla klimabudsjett blir no 1,25 millionar kroner – under halvparten av det MDG ynskte seg.

• MDG sitt budsjettframlegg hadde ei punktvis oppstilling med konkrete føremål og tilhøyrande pengesummar: klimarådgjevar, biogassatsing, berekraftig reisemål, karbonfangst i landbruket, satsing på fossilfrie maskinar og køyretøy osb. Dei raudgrøne sitt framlegg hadde ingen konkrete disponeringar, og tok utgangspunkt i rådmannen sitt uferdige oppsett.

• Dei raudgrøne valde å finna pengar til sin budsjettauke på botnlinja i budsjettet, ved å redusera overskotet. MDG føreslo å finansiera tiltaka med ein minimal auke i eigedomsskatten på 0,1 promille.

Planlaust inn i klimakrisa

Utpå ettermiddagen forsvann nettilgangen og dermed sakspapira frå skjermane til dei folkevalde ei stund. Sakshandsaminga heldt likevel fram, og plutseleg var det på tide å debattera planstrategien for 2020-2023. Det høyrest kanskje kjedeleg ut, men er ei viktig sak.

I planstrategien står det nemleg når vi kan forventa at Voss herad skal ha klar sin «Plan for klima og klimatilpassing»: Hausten 2022, altså om nesten to år.

Som den einaste (!) i salen gjekk eg på talarstolen i anledning saka. Eg peika på at planhorisonten er altfor lang. MDG meiner at planarbeidet med klimaplanen og planen for naturmangfald (ferdig i 2023!) må i gang straks, og vedtakast innan utgangen av 2021.

Heradsstyret svarte med å vedta det framlagde planprogrammet utan endringar. Det inneber at vi i realiteten står utan ein effektiv klimaplan for store delar av 2022, og må nøya oss med ein utdatert Energi- og klimaplan for 2021.

Både politisk og administrativ leiing i Voss herad har vist at dei kan handtera ei krise. Dei skal ha ros for måten dei har teke koronakrisa på alvor og leia innbyggjarane trygt gjennom eit vanskeleg år. Ved inngangen til 2021 er det dessverre lite som tyder på at leiinga i heradet svarar like godt på klimakrisa.

Øystein Ormåsen, Miljøpartiet Dei Grøne