Voss MDG
Fotocredit:

For Voss i 4 nye år

Voss MDG gratulerer Trygve Lyshagen Tømmerås med plass i heradsstyret og Tonje Opkvitne i Utval for klima og miljø. Hilde Tang Hystad er vår vararepresentant i Utval for levekår.

19. september 2023

Dei vil stå på for ein aktiv miljø- og klimapolitikk, gode oppvekstvilkår og ei levande bygd med grøne verdiar. Utgangspunktet skulle helst vore betre etter valet. Men i heradsstyret er det viktig for oss å spela på lag med alle gode krefter som vil dra samfunnet i ei meir berekraftig og solidarisk retning. Samtidig vil MDG vera ei vaktbikkje når andre ikkje held det dei har lova.

Takk til deg som har stemt MDG, og ta gjerne kontakt med saker du brenn for – eller om du vil engasjera deg i lokallaget!