Klesindustrien
Fotocredit:

Eg kan faktisk gjera noko!

For ei stund sidan fekk eg tilsendt ein kort video om global tekstilproduksjon frå svigermor mi i Danmark. Etter å ha sett den, sat eg att med ei kjip kjensle. Eg kjende til problematikken frå før, men vart minna om det igjen.

27. august 2023

For kva kan vel eg gjera med ein global tekstilproduksjon, ein produksjon som berre i mi levetid har tredobla seg og ligg an til å veksa til over 140 millionar tonn i 2030? Og om sjølve produksjonen av klede aukar, så blir det ikkje nødvendigvis brukt fleire plagg. Ei undersøking i Danmark viser at berre 60 prosent av kleda som heng i garderoben vert brukt. I tillegg kastar klesbransjen i landet 677 tonn heilt ubrukte klede kvart år, noko som svarar til 2,7 millionar T-skjorter! Det er grunn til å tru at tala er tilsvarande for oss i Noreg.

Bomull belastar kloden

Mykje av kleda våre er laga av bomull som krev mykje landjord og vatn. Avlinga vert ofte sprøytt med kjemikaliar som går i grunnvatnet. Bomull skal plukkast og spinnast til garn. Garnet skal strikkast til stoff som må bleikast eller fargast, og klippast og syast saman – oftast av folk som arbeider under uheldige forhold og med låg løn.

T-skjorter vert sendt på tvers av kloden. Kanskje kjøpt og brukt eit par gonger, for deretter å bli sendt tilbake til Afrika eller Asia som avfall, og til slutt kanskje brent. Å produsera ei kvit T-skjorte brukar 1400 liter vatn, 7 kg CO₂ og mykje arbeidskraft.

Frå plagg til mikroplast

Polyester er også populært i plagg. Dette er syntetiske fibrar som er billig å produsera og gjer kleda meir slitesterke. Produksjonen legg ikkje beslag på landjord, men stoffet er laga av olje og plastikk.

Kvart år vert det brukt 70 millionar liter olje til å produsera klede av polyester. Resultatet er plagg som ved vask slepp ut mikroplast. Det er mikroplast som etter kvart endar i havet og blir tatt opp i næringskjeda og til slutt i vår eigen mat.

Konsekvensar

Uansett kva plagga våre er laga av, så har det konsekvensar for klima og miljø. Klesindustrien står for rundt 10 prosent av dei globale CO₂-utsleppa. Det er meir enn flytrafikken og shippingindustrien til saman. Farging og behandling av tekstilar forårsakar 20 prosent av all vassforureining på kloden.

Så ubrukte klede i skåpet ditt, eller klede som ikkje vert selde i butikken eller på nettet, har ein langt høgare pris enn det som står på prislappen! Prisen blir betalt i andre land og av komande generasjonar.

Kva kan eg gjera med det, då?

Vel, kanskje eg kan bidra litt. Eg kan gjenbruka meir, reparera meir og dela meir, og eg kan gå på Bytebua eller Fretex. Eller eg kan gjera som dotter mi og stikka innom «Det Gule Hus» på Voss med noko som eg vil selja, og kjøpe meg noko «nytt». Det kan eg faktisk gjera!

Som det står på heimesida til Det Gule Hus; «1 av 4 kjøper brukte klær i Norge. I 2028 er det spådd at gjenbruksmarkedet vil overgå kjedehandelen. Du er derfor med på den grønne bølgen, når du velger å selge og kjøpe brukt.»

Å, kor flott – eg kan faktisk gjera noko!

Og dersom eg blir vald inn i heradsstyret som 3.-kandidat for Voss MDG vil eg arbeida for meir gjenbruk og betre utnytting av ressursane i samfunnet.