Dyrevelferd

Er du blant dei mange som vart opprørt av NRK sine avsløringar om griseindustrien?

23. juni 2019

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Solidaritet med dyr er eit av dei viktige punkta i Miljøpartiet Dei Grøne sitt program.

Både ville dyr og husdyr har rett på eit verdig liv. Me i MDG Voss har programfesta at me vil arbeida for eit etisk forsvarleg husdyrhald, der det vert stilt krav til dyrevelferd.

Billeg mat har ein høg pris. Etikk, pris, kunnskap og klima heng saman.

Som forbrukarar og veljarar har me alle eit medansvar for korleis dyra våre skal ha det i åra som kjem.

MDG vil gjennom ei rekkje tiltak fremja miljøvenleg produksjon, god dyrevelferd og bruk av lokale ressursar.

Inge Draugsvoll, 7. kandidat MDG Voss