Det grøne skiftet

Les om Øyvind Birkeland i Voss MDG.

1. september 2018

Artikkel frå avisa Hordaland 

– For meg vart det eit verdival, i tillegg til at eg ynskte ein meir familievenleg jobb, seier Øyvind Birkeland.

Øyvind har alltid vore interessert i miljøet, og etter 13 år på oljetankarar og produksjonsskip over heile verda, gjorde han heilomvending.

– Sjølv om eg likte meg til havs, tenkte eg alltid at det var noko grunnleggjande feil med å henta ut olje frå naturlagra, brenna den og la restane sveva i lufta vår i form av gass og partiklar. Samtidig som me ikkje heilt veit konsekvensane ved å gjera det. Eg likte heller ikkje tanken på å frakta giftige kjemikaliar. Det blei veldig motstridande for kva eg står for. Når eg i tillegg såg kor forsøpla mange delar av verda var, til dømes gjennom dei smale kanalane utanfor Houston, så gremmast eg. Det same gjaldt for det enorme overforbruket, som særleg var tydeleg utanfor Singapore der det var tjukt i containerbåtar som gjekk i skytteltrafikk heile døgeret, seier han.

For litt over to år sidan tok han til i ny stilling som miljørådgjevar i IHM, lokalisert på heimstaden Voss. Her trivst han godt.

– Eg hadde søkt ein del stillingar på land ei god stund, og vart veldig glad då eg fekk denne jobben. Kollegaene mine til havs flirte litt då eg sa at eg skulle jobba med søppel, men denne jobben passar meg midt i blinken. Her kan ein trass alt vera med å gjera ein forskjell for miljøet og hjelpa til å bevisstgjera folk.

Med to døtrer på fem og to år, er det også lettare å få kvardagen til å gå i hop med ein vanleg ni til fire-jobb.

– Det er klart det var vanskeleg å vera vekke frå borna i fire veker i strekk, særleg når dei er så små. No opplever eg å ha betre balanse mellom jobb og fritid.

Sjølv om Øyvind har budd på Voss praktisk talt heile livet, snakkar han ikkje kav vossamål. Dialekten er påverka av sognemål og austlandsk.

– Det har å gjera med at far min er frå Høyanger og mor mi frå Austlandet. Me flytta til Voss då eg var eitt og eit halvt år gammal. Og her har eg vore sidan.

Familien busette seg på Skjerpe. Her hadde Øyvind og broren ein fin oppvekst.

– Foreldra våre lærte oss tidleg å ta vare på naturen og vera nøysame. Me komposterte, sykla til skulen og var generelt mykje utandørs. Det er gode verdiar som eg har teke med meg vidare i livet.

På ungdomsskulen byrja Øyvind sin utforskartrong å melda seg.

– Eg hugsar eg sat bakarst i klasserommet og drøymde meg vekk. Eg har alltid hatt ei dragning mot sjøen og havet, og ville ut og sjå verda. På gymnaset bestemte eg meg for at eg ville verta kaptein. Samstundes på den tida vart eg interessert i miljøvern. Eg var mellom anna inspirert av berekrafts-omgrepet som kom frå Brundtland-kommisjonen, og så var Thorbjørn Berntsen ein inspirerande miljøvernminister.

Etter gymnaset, tok Øyvind bachelor i nautikk på Høgskulen i Vestfold.

– Det var eit fag eg likte godt. Midt i studietida hadde eg eit opphald, der eg jobba på ferje i Hardangerfjorden. Eg ville ha praktisk erfaring, og sidan det var vanskeleg å få sommarjobb, blei det til at eg var der eitt år.

Etter utdanninga var han også ein av 80 studentar som fekk plass på Statoil sitt sommarprosjekt. Han tok vidare fag i kvalitetsleiing, realfag og HMS, og byrja å jobba på produksjonsskip i Nordsjøen.

– Eg ville bli kaptein, men avslutta som overstyrmann. Det var tilfeldigheitar som førte meg inn på tankskip, men det har vore eit klart ynskje som no har ført meg til å jobba med avfall.

Seinare har Øyvind også tatt nettstudium innanfor klimaendingar, økoturisme, vindmøller og solstraum.

– Miljø og sjøfart har alltid vore to store interesser.

Friluftsliv har alltid vore ein viktig del av livet til Øyvind. I 2010 tok han steget og gav ut boka «Toppturar i Vossafjell».

– Dette var eit prosjekt eg hadde styrt på med lenge på eiga hand, før det vart til ei bok. Eg har alltid likt å gå på ski, og har jobba litt som guide i fjella her. Mitt utgangspunkt var å prøva å systematisera alle toppturane ein kan gå i vossafjella.

Boka tek for seg 50 ulike turar, rangerte etter vanskegrad og boka er elles systematisert ut frå område, topp og rute.

– Forleggjaren min sa at det sikkert kom til å halda med eitt opplag, men i løpet av to månader var boka utseld. Boka ligg ute i tredje opplag no, og det er kjekt å sjå at folk har hatt interesse av henne.

På fritida likar Øyvind og familien å vera aktive. Sommarferien i år var sykkelferie i Danmark.

– Det var ein flott ferie, og det var godt å sleppa å ha med bil. Me tok båt frå Bergen, og hadde nokre fine veker der. Det er flatt og fint i Danmark, berre litt motvind tidvis, ler han.

Øyvind syklar også store delar av året til jobben i Bjørkemoen frå heimen på Palmafossen.

– Det er ein fantastisk start på dagen å sykla til jobb, så det kan eg verkeleg anbefala andre.

Øyvind er av den rolege og reserverte typen. Då Hordaland spurde om han ville vera laurdagsgjest, var han litt betenkt.

– Det er jo så mange andre på Voss som brenn for miljøsaka, og som gjer ein større innsats enn meg. Men i og med at dette er ei så viktig sak, så stiller eg, var til slutt svaret.

I tillegg til å jobba med miljø i jobben, har Øyvind også det siste året engasjert seg politisk i Miljøpartiet Dei Grøne på Voss.

– Eg er ikkje av typen som ropar høgast og likar eigentleg mest å halda meg i bakgrunnen. Men miljøet er ei viktig sak, og eg meiner det er viktig å normalisera klimadebatten. Ein treng ikkje vera ein radikal økoentusiast for å ta miljøretta standpunkt.

Og det er ikkje så mykje som skal til i det daglege for å gjera ein forskjell.

– Det kan vera alt frå å plukka opp plast du ser langs vegen. Eller å bruka vanlege tallerkenar i barnebursdagar kontra eingongsfat, bestikk og koppar. Eller reparera den buksa som knappen er gått av i. Eller å redusera forbruket av kjøt, eller bruka handlenett på butikken.

Men – Øyvind er oppteken av at han ikkje skal verka belærande på folk.

– Folk må ta dei standpunkta dei vil, men det er fint å sjå at det er blitt meir fokus på miljø og klima dei seinaste åra. Slik kan ein hjelpa å bevisstgjera folk. For eg trur mykje i botnen handlar om at folk er uvitande om konsekvensane av vala dei tek.

At miljø er blitt ei viktig sak, såg ein til dømes under den nasjonale ryddedagen i mai, der hundrevis av vossingar stilte opp for å plukka plast og søppel i nærmiljøet. Øyvind var på plass frå IHM med hanskar og bossekkar til dei frivillige under arrangementet.

– Det varma å sjå slikt engasjement. Her var folk i alle aldrar, frå alle stader. Det syner at miljø er ei universelt tema, som berører alle. Uavhengig av parti, kva jobb du har eller kvar du kjem frå.

 

Tekst: Stine Strand Carlsen