14. februar hadde MDG Voss årsmøte på Voss Vandrarheim. Partiet sette då to strekar under den endelege lista til lokalvalet i haust.
Dei tre øverste plassane på lista får eit stemmetillegg på 25 prosent av det samla talet røyster partiet får ved valet. Me er stolte og glade over å kunna stilla denne lista til haustens kommuneval!
Desse stiller til val:
- Sveinung Klyve (1960), spesialrådgjevar vassforvalting
- Øystein Ormåsen (1980), dagleg leiar og guide
- Linda Bukve (1977), sjølvstendig næringsdrivande
- Tonje Opkvitne (1977), ingeniør
- Øyvind Birkeland (1979), miljørådgjevar
- Sigrid G. Bjordal (1982) lege
- Inge Draugsvoll (1963), privat næringsdrivande
- Synnøve Klette (1979), lege (spesialist i psykiatri)
- Monica Bøe (1967), privat næringsdrivande
- Pål Erdal (1955), inspektør hjå Arbeidstilsynet
- Birte Toft (1978), lege
- Einar Bardal (1933), pensjonert professor
- Marit Tillung (1961) psykiatrisk sjukepleiar, (no uføretrygda)
- Siri Flatlandsmo (1990), journalist
- Terje Øvsthus (1954), lausarbeidar