Busetnad og bygging i Osavegen

Arkitekt Knut Myklebust reagerer på min uttale om bustadprosjektet i Osavegen i førre Hordaland.

30. juni 2019

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Om ein skal kalla dei fire bygga flate funkiskasser eller noko anna betyr lite. Det som er viktig i denne saka, er at når ein einebustad med ei tomt på 1,7 mål vert gjort om til 8 blokkbueiningar vert det ganske kompakt for nabolaget. Nabolaget tykkjer lite om det og Voss kommunestyre tok i møtet 20, juni konsekvensen av dette og sende planen attende til utbyggjar for å redusera omfanget av prosjektet.

Prosjektet skapar også presedens om at det berre er å kjøpa opp tomter i sentrumsområda på Voss og kunna ha ein stor utbyggingsgrad på ei så lita og bratt tomt.

At husa i Osavegen skal få grøne tak med levande plantemateriale er sjølvsagt positivt, men eg har ikkje registrert i planane signal om at ein skal utnytta taka med solanlegg eller utnytta grunnvarme slik at byggjeprosjektet faktisk produserer noko av den energien det treng. Slike ting burde ein hatt på ein nytt og moderne bygg.

MDG er imot at ein kjem med slike bygg som ikkje passar inn i området. Me var også imot det i Lundarosen då kommunestyret godkjende at to «Svenskehus» vart ombygd til større bueiningar i fjor.

Me meiner at det må lagst ein overordna plan for slike byggjeprosjekt slik at ein ikkje får ei stykkevis og tilfeldig utbygging.

Miljøpartiet dei grøne Voss skriv i sitt nye program til valet i 2019:

MDG ynskjer at alle skal ha råd til ein trygg og mest mogleg miljøvenleg bustad. Ved nybygging og oppgradering av bygg bør det leggjast vekt på plassering som minkar behovet for biltransport, på energiøkonomisering og på bruk av fornybar energi. Me går mot bygging på dyrka jord. Me ynskjer fortetting i eksisterande bygge- og hyttefelt framfor bygging i urørt natur.

MDG Voss vil arbeida for:

• Å halda oppe lokale samfunn med naudsynte tenestetilbod som skule, barnehage, butikk, møteplassar og gode kollektive transportløysingar.

• Strenge miljøkrav i bygg. Bruka tre som byggjemateriale også i større bygg og bruka solcelleanlegg, fjernvarme og andre fornybare energikjelder.

• At kommunen gjev råd til husbyggjar om miljøvenlege byggjemetodar, bruk av fornybare energikjelder og energiøkonomisering.

• Å verna matjord og utmark mot nye store hyttefelt og anna utbygging.

• Å etablera ei kommunal ordning med stønader til kjøp og legging av solcelletak.

• Å ta vare på eldre bygningar og bygningsmiljø gjennom rehabilitering framfor riving og nybygging.

• Krevja at det vert teke omsyn til lokal byggjeskikk.

• Større krav til terrengtilpassing og estetisk tilrettelegging av byggje- og hyttefelt.

• Mindre storleik på nye hytter.

• At det vert ført ein meir restriktiv politikk i handsaminga av reguleringsplanar for hytter og bustadar.

• Eit kommunalt prosjekt for bygging av bustadar til ein gunstig pris for unge og nyetablerte familiar.

Sveinung Klyve, 1. kandidat på MDG Voss si liste og medlem i Voss formannskap og kommunestyret