Brølte for klima
Øystein Ormåsen heldt appell då vossingane stilte på Torget for å brøla for klima fredag.
Øystein Ormåsen heldt appell då vossingane stilte på Torget for å brøla for klima fredag.
Eg møtte kona mi på eit brekurs tilbake i 2001. Då lærte me om trygg ferdsle på bre ved å leika oss i den fantastiske blåisen på Briksdalsbreen. Nokre år seinare guida eg turistar i dei samme isformasjonane. Det er ikkje mogleg lenger. Briksdalsbreen er redusert til en liten istapp som heng høgt oppe i fjellsida.
Her på Voss driv eg eit lite firma som tek med folk fra heile verda ut på turar i fjella våre. Eg ynskjer å skapa eit levebrød for meg og andre guidar ute i naturen. Klimaendringane er ikkje noko fjernt og uvirkeleg for oss. Me ser korleis værmønstra endrar seg. Og at det skjer fort.
Fredag førre veke sat eg ved frukostbordet saman med dei to ungane mine på sju år og åtte år. Eg hadde akkurat lese fleire saker om brannane i Amazonasjungelen – saker som gjorde meg sint og trist. Eg fortalde gutane mine om Brasil sin president Bolsonaro og brannane som han let herja i regnskogen. Dei blei opprørte over det eg hadde å seie, og lurte på kvifor han let sånt skje. No veit sjølv minsteguten min kva presidenten i Brasil heiter – og at det er ein dumming. Brannane i Amazonas er eit bilete på det som skjer elles i verda. Natur og klima blir ofra i jakta på kortsiktig profitt. Rekninga for galskapen overlet me til generasjonane i framtida.
Eg stiller til val for Dei Grøne fordi me står i ei klimakrise. Klimaendringane er her. Og dei må stoppast! Først og fremst fordi ungane våre og deira ungar fortener å veksa opp i ei bebueleg verd med intakt natur.
I går var det møte i kommunestyret. Der ba eg ordføraren om å erklæra klimakrise og ta initiativ til at partia må finna saman om umiddelbare klimatiltak. Svaret hans viser at han tek saken alvorleg og erkjenner trusselen me står overfor. Han lova å setje saka øvst på agendaen i det nye Heradsstyret så snart me møtest att etter valet. Eg trur på ordføreren sin oppriktigheit. Men det er problematisk at andre i partiet hans kalte vårt initiativ eit «valkampstunt». Det viser at sjølv om ordføraren anerkjenner vårt initativ – så er det andre som framleis treng overtyding. Både i Ap og i resten av kommunestyret.
Politikarane treng å bli pressa i ein grønare retning. I kommunestyret er MDG med på å tvinge partiene til å forholde seg til ambisiøs klimapolitikk. Her ute – i dag – gjer de den same jobben. Når me saman engasjerer oss for å berga naturen vår, så har ikkje politikarane noko anna val enn å lytta.
I neste kommunestyremøte skal eg gjenta mi oppfordring om å erklæra klimakrise, slik at ordføraren kan innfri løftet sitt om tiltak som monaer i det nye heradet. I dag brøler me slik at eg, ordføreren og alle andre politikarar skal visa mot og handlekraft i kampen for å berga naturen og klimaet. Denne kampen skal me vinna! Takk!
Øystein Ormåsen, 2. kandidat MDG Voss
Les meir om våre tre toppkandidatar her: