Barna er det kjæraste me har

Me vil føra ein politikk for livsmeistring og livskvalitet og mot eit fortsatt prestasjonspress, kunstige kroppsideal og statusjag.

27. august 2019

Foreldre og andre vaksne har ansvar for å skapa ein god oppvekst i eit miljø som er til beste for barn og unge. Solidaritet med framtidige generasjonar eit viktig prinsipp i MDG sin politikk, både gjennom tiltak på klima, natur og miljø, og på konkrete saker i lokalpolitikken.

MDG legg mellom anna vekt på å verna om barna si fritid, tilby varierte uteareal som alternative arenaer for læring, og natur- og kulturopplevingar.

Me vil styrka det forebyggjande helsearbeidet i barnehager og skular, for å motverka skadane ved stress og press som dei unge blir utsette for.

MDG Voss vil arbeida for å:

  • styrka det førebyggjande arbeidet med psykisk og fysisk helse for barn og unge, m.a. gjennom betre bemanning og kompetanseheving i skulehelsetenesta
  • utgreia etablering av barnehage i den gamle skulebygningen på Bolstadøyri
  • støtta heimane gjennom lågterskeltilbod til foreldre om rettleiing i barneoppdraging (PMTO), og å arrangera temakveldar i regi av helsestasjon og skulehelseteneste
  • sjå til at barnehagar og skular fylgjer vedteken bemannings-, pedagog- og lærarnorm
  • stimulera til målretta arbeid med miljøspørsmål i skular og barnehagar, til dømes gjennom Grønt Flagg-ordninga
  • arbeida for auka praktisk læring gjennom etablering av skulehage, bruk av Inn på Tunet og ulike former for arbeidspraksis
  • ta vare på dei grendaskulane som er att, i heile Voss herad
  • arbeida for tryggare skulevegar, mellom anna fortau langs Ringheimsvegen
  • auke talet av lærling- og praksisplassar både offentleg og privat
  • sikra at barnehagar, skular og SFO kan søkja tilskot til etablering av kjøkkenhagar og dyrkeområde

Les meir om kva me går til val på i vårt program.