Foreldre og andre vaksne har ansvar for å skapa ein god oppvekst i eit miljø som er til beste for barn og unge. Solidaritet med framtidige generasjonar eit viktig prinsipp i MDG sin politikk, både gjennom tiltak på klima, natur og miljø, og på konkrete saker i lokalpolitikken.
MDG legg mellom anna vekt på å verna om barna si fritid, tilby varierte uteareal som alternative arenaer for læring, og natur- og kulturopplevingar.
Me vil styrka det forebyggjande helsearbeidet i barnehager og skular, for å motverka skadane ved stress og press som dei unge blir utsette for.
MDG Voss vil arbeida for å:
- styrka det førebyggjande arbeidet med psykisk og fysisk helse for barn og unge, m.a. gjennom betre bemanning og kompetanseheving i skulehelsetenesta
- utgreia etablering av barnehage i den gamle skulebygningen på Bolstadøyri
- støtta heimane gjennom lågterskeltilbod til foreldre om rettleiing i barneoppdraging (PMTO), og å arrangera temakveldar i regi av helsestasjon og skulehelseteneste
- sjå til at barnehagar og skular fylgjer vedteken bemannings-, pedagog- og lærarnorm
- stimulera til målretta arbeid med miljøspørsmål i skular og barnehagar, til dømes gjennom Grønt Flagg-ordninga
- arbeida for auka praktisk læring gjennom etablering av skulehage, bruk av Inn på Tunet og ulike former for arbeidspraksis
- ta vare på dei grendaskulane som er att, i heile Voss herad
- arbeida for tryggare skulevegar, mellom anna fortau langs Ringheimsvegen
- auke talet av lærling- og praksisplassar både offentleg og privat
- sikra at barnehagar, skular og SFO kan søkja tilskot til etablering av kjøkkenhagar og dyrkeområde
Les meir om kva me går til val på i vårt program.