MDG Voss syner ein litenframgang i ferskt partibarometer.
Resultatet på 5,1 prosent er ein oppsving på 0,2 prosent frå kommunevalet i 2015. Viss dette hadde vore valresultatet, ville MDG fått to mandat i heradsstyret, akkurat som dei har i dag.
Senterpartiet gjekk i denne meiningsmålinga forbi Arbeidarpartiet som største parti. Verst gjekk det for Venstre, som vart det minste partiet, og samstundes mista to av tre mandat.
Undersøkinga vart utført av Norfakta på Voss og i Granvin i juni.
Resultat partibarometer (prosent)
- Senterpartiet: 31,9
- Arbeidsrpartiet: 29,4
- Høgre: 11,8
- Sosialistisk Venstreparti: 7,4
- Miljøpartiet Dei Grøne: 5,1
- Kristeleg Folkeparti: 3,9
- Raudt: 3,6
- Framstegspartiet: 3,6
- Venstre: 3,2