– Me fordømmer rasering av regnskogane – men kva med våre eigne skogar?

Fotocredit: Inge Draugsvoll

 – Hugs at urørt natur alltid vil vera det mest berekraftige som finst.

23. april 2021

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Me fordømmer alle raseringa av regnskogane. Og FN slår fast at verda står midt i ei naturmangfaldskrise. Men kva med våre eigne skogar og naturtypar?

No er det berre namna som minner oss om at Voss var ei bygd med mange store moar. Bjørke-, Lekve-, Tvilde-, Gjernes-, Skulestad-, Prestegardsmoen … Men enno har me Bømoen. Enn så lenge.

Gjennom tusenvis av år har elva forma sletta som gav grobotn for den høgreiste skogen. Ei naturperle og eit sentrumsnært rekreasjonsområde er snart historie når berre fragment av naturtypen står att. Ein skog sluttar vel å vera ein skog når du ser gjennom han?

Mange av oss har kjempa for at Bømoen skulle få leva – for vår eigen del, og for dei som kjem etter oss. Hugs at urørt natur alltid vil vera det mest berekraftige som finst.

Her såg nokon det tenleg å vilja plassera batterifabrikk – det som har vist seg å vera det største industribygget i landet, med ei kraftforsyning tilsvarande Drammen by! Batterifabrikk får me heldigvis ikkje. Men i lokalavisa kan me lesa at «målet er å vidareføra det gode samarbeidet Voss herad og Bømoen AS hadde om batterifabrikk tidlegare i år.»

No har babyen fått namnet «Bømoen plussgrend». Lett kamuflert som grønt skifte skal dette verta eit «lokalsamfunn som aldri før er skapt i Noreg, neppe heller i Europa».

At det skal gå i pluss for nokon, er det neppe tvil om. Men som for batteria, er det alltid ein motpol. Her vil det gå i minus for natur og miljø, reise- og friluftsliv, og for komande generasjonar som aldri vil få oppleva ein skog i Bømoen.

 

Inge Draugsvoll,
styremedlem i MDG Voss