Voss kommune må ta ansvar for å innføra effektive klimatiltak

Slikt skal ikkje berre gjennomførast andre stader, av andre folk!

28. august 2019

Solcelletak på offentlege bygg og på eigna privathus, er å ta i bruk den beste energikjelda kloden har. MDG Voss vil at Voss kommune yter økonomisk støtte til kjøp og legging av solcelletak og har ein plan for bruk av solcelleanlegg i kommunale bygg.

Sola gjev 1500 gonger meir energi enn det me brukar, lenger sør på kloden endå meir. Sola er ei gratis, miljø- og klimavenleg energikjelde som kan nyttast lokalt. Det er lyset som skapar energien som kan omdannast til elektrisitet, og ikkje varmen frå sola.

Solceller er mest effektive ved låge temperaturar. Maksimal effekt er ved minus 5 grader. Eit normalt moderne bygg som ikkje ligg i skuggen mottar langt meir energi frå sola enn bygget brukar på eit år.

  • huset kan vera delvis sjølvforsynt med straum
  • klimavenleg energiproduksjon utan naturinngrep
  • energien blir produsert der den skal brukast, utan tap i nettet
  • minimale driftskostnader, og økonomisk lønsamt på sikt – dess høgare straumprisar dess meir lønsamt
  • frigjer elektrisitet til andre føremål som transport, industri, eller overskot til å erstatta fossil energi andre stader
  • aukar verdien på bustaden, og nye typar soceller er lette å integrera MDG arbeider for kommunal støtte og momsfritak for solceller. Økonomiske verkemiddel har gjort Noreg til ein elbil-nasjon, kvifor ikkje gjera noko liknande med solceller?