Fotocredit:

11. september – eit verdival igjen

Eg viser til eit innlegg i Ordet fritt i Hordaland tysdag 13. juni med ovanståande tittel. Her fortel Linda Merkesdal frå Arbeiderpartiet kva ho meiner stortingsvalet i år handlar om.

19. juni 2017

Lesarinnlegg i avisa Hordaland

Trass i at vi står i fare for ein verdsomspennande klimakrise, og at Noreg har forplikta seg til Parisavtalen for å hindre ei katastrofal global oppvarming, finn ikkje Merkesdal grunn til å nemne klima og miljø med eit einaste ord. Dette strekar under kor lite vekt Ap legg på dette. Dei er i godt selskap med den sitjande regjeringa.

MDG kan slutte seg til alle dei verdiane som Merkesdal listar opp, men ein føresetnad for at desse kan bli teke vare på på lengre sikt, er at vi hindrar ei katastrofal klimakrise. I solidaritet med komande generasjonar har vi ikkje lov til å la klimaløftet i Parisavtalen kome i andre rekke, slik dei store partia har gjort hittil.

Dei siste regjeringane har hatt deltaking/støtte av høvesvis SV og Venstre, parti som set klima og miljø høgt. Men – i alle fall delvis – på grunn av at desse partia har vore knytt til kvar si blokk i utgangspunktet, har dei aldri hatt makt nok til å få regjeringane til å gjennomføre ein forsvarleg klimapolitikk.

MDG er i utgangspunktet uavhengig av høgre- og venstreblokk. Partiet har som målsetting å få fem prosent av røystene ved stortingsvalet. Med eit slikt resultat har MDG von om å kome i ein vippeposisjon med ei eineståande utgangspunkt i forhandlingar. Partiet kan slutte seg til det regjeringsalternativet som gir den beste og forsvarlege klimapolitikken, anten det blir ei raudgrøn regjering eller ei av Høgre og mellompartia. Etterpå kan MDG samarbeide med m.a. SV eller Venstre for sørge for gjennomføringa.

Vi vonar at alle som er interessert i grøne verdiar og som kjenner ansvar andsynes komande generasjonar, vil hjelpe MDG å nå målet om fem prosent oppslutting ved valet.

Einar Bardal, styremedlem i MDG Voss