Sveinung Klyve (1960)

1. kandidat, spesialrådgjevar vassforvalting

Sveinung meiner at motivasjonen for MDG er at me treng eit grønt skifte når det gjeld bruk og forvalting av naturressursane i Noreg og i verda.

Han har tru på at mange vil sjå behovet for eit slikt skifte og vil vera ein av dei som påverkar og gjer noko og ikkje berre snakkar.

Sveinung har arbeidd 24 år som miljøvernleiar i Vaksdal kommune med kartlegging og forvalting av naturen og utvikla friluftsaktivitetar for born og unge.

Han har sidan 2016 jobba med vassforvalting og miljøvern hjå Hordaland fylkeskommune.

Sveinung er ein ivrig naturfotograf og brukar naturen aktivt heile året med skiturar, fotturar, fiske osv. Er tilhengar av friluftsliv utan bruk av motor.

Han har gjeve ut ei rekkje med naturbøker og 20 år med Vossakalendaren som viser den vakre Vossanaturen.
Sveinung er med i tilsynet av Voss Utferdslag si hytte på Kaldavass. Han har sete i Voss kommunestyre og Voss formannskap sidan 2016.