Hilde Tang Hystad (1985)

4. kandidat, lege

Hilde Tang Hystad - MDG

- Eg vil jobbe for ei framtid der me viser omsyn til andre menneske, naturen og oss sjølve. Ei framtid der me lever litt langsamare, med tid til kvarandre, tettare på naturen og der me reduserer forbruket vårt. Eg brenn for gode oppvekstvilkår som gir trygge barn og unge og betre folkehelse. Eg er opptatt av arealpolitikk og vern av natur og vil at Voss herad skal verte arealnøytral.