Øystein Ormåsen (1980)

2. kandidat, dagleg leiar og guide

Øystein vil jobbe for at det blir enklare for hushaldningar å ta val som gjev utsleppskutt og redusert forbruk.

Han er og opptatt av grøn næringsutvikling, og er ein pådrivar for berekraftsertifiseringa av Destinasjon Voss.

Øystein er oppvaksen i Langesund. Han flytta til Bergen for å studere i 1999. Han har ein bachelorgrad i IT frå Melbourne i Australia. Han har jobba i sju år som lærar i vidaregåande skule, og har undervist i IT, matematikk og økonomi.

Øystein har alltid vore glad i fjellturar. Medan han budde i Bergen nytta han helger og ferier til å vere turleiar, halde klatrekurs og brekurs eller å lede føringsturar i Jotunheimen. Han har hatt styreverv i BSI friluft og DNT fjellsport i fleire periodar.

Før jul i 2014 flytta Øystein og familien til Voss. Øystein starta verksemda Wild Voss AS, der han er dagleg leiar. Verksemda tilbyr opplevingar i fri natur i fjella kring Voss heile året. Øystein og kona Birte har to gutar som er 6 og 8 år gamle.

Øystein har vore medlem i MDG sidan 2013. I 2015 tok han på seg rolla som valkampkoordinator for MDG Voss. Han har vore lokallagsleiar sidan 2016. Øystein har møtt i kommunestyret sidan hausten 2017.

Sjå kven Øystein er i denne videoen: