Voss MDG - for menneske og miljø
Fotocredit: Øystein Ormåsen

Skap ei framtid å gle seg til

Vil Voss sin lokalpolitikk endra noko viktig i livet ditt?
Eit vanskeleg spørsmål, kanskje. For me er jo alle så ulike. Eller, er me det? Folk flest vil vera ein del av eit fellesskap, bli møtt med forståing, og leva gode liv.

Politiske parti har heilt ulike forslag til løysingar på vår tids utfordringar. Berre Miljøpartiet Dei Grøne har ein politikk der målet ikkje er vidare vekst og meir forbruk. For naturen si toleevne er nådd, og det må me alle ta inn over oss.

I Voss herad er me stolte av naturen som me viser fram og boltrar oss i. Like fullt minkar det på naturperler og skog nær folk, og urørte turområde og matjord forsvinn bit for bit. Me menneske er avhengige av naturen rundt oss. I framtida vil den vera heilt avgjerande. Me vil ha konkrete og kraftfulle tiltak for å redda naturmangfaldet og klimaet.

MDG har ikkje fasitsvar på alle utfordringar som heradet vil møta i åra som kjem. Men me set klima, natur og eit med- menneskeleg samfunn fyrst. Me vil kjempa for rettferd, og mot lobbyisme og utbyggingspress. Difor er valet viktig, og difor skal du røysta MDG. Di stemme er med å påverka kva retning samfunnet skal gå.

Les programmet vårt, og sjå kva me ynskjer å få til her på Voss!